Det er anleggsarbeid på gang i Skiftudalen. Det er kommunen som fortset vassutbygginga. Nå skal det gravast ned vassledningar frå skulen, der høgdebassenget ligg) og ned langsmed kommunal veg til Skiftun kai /fiskemottaket. I same trasè blir det òg gravd ned ein kraftig straumkabel (sjå foto). I går, tirsdag, blei desverre nettkabelen gravd av; noko som medførte at delar av bygda var utan fasttelefon og internett. Gravearbeidet kan òg medføre stengd veg til tider; som idag onsdag då postbilen/skulebuss måtte kjøre via tunet til Inge Torkel. Meir info om arbeidet følgjer.
Nytt frå Strandbuen
- Uventa stort asbestfunn gjer den nye ungdomsskulen langt dyrare enn planlagt
- Sveinar satsar stort på jobben han trivst i – byggjer nytt og doblar produksjonen
- Kåte lakser, monstertrapp og vikingslag – dette skjedde i 1994
- Mange møtte opp på torget – fekk høyra fleire klare ord mot datasenter
- Jorunn aksjonerte mot Ryfast-bompengar: – Eg kjempar for dei svake